For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ål.
Ål er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ål kommune i Buskerud. Tettstaden ligg midt i Hallingdalen, ved den austlege enden av Strandafjorden, og har 2 580 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1]
Størstedelen av tettstaden ligg på nordsida av Hallingdalselve, og heiter Sundre. Dei små forstadene rundt er Hago, Vestlia og Granhagen. Riksveg 7 går gjennom Ål på nordsida av elva og på sørsida ligg Ål stasjon, som er stoppestad for Bergensbanen.
Ål er eit handels- og skulesentrum, og har kulturhus, Ål kulturhus med Hallingrosa, ei utstilling av rosemålingskunst, og ei større permanent Rolf Nesch-utstilling. Her er også sjukestove med base for Norsk Luftambulanse.[2] Avisa Hallingdølen kjem ut på Ål tre dagar i veka.
Sundre var den førande garden i Ål i mange år, og vart sentrum av di både Ål kyrkje, Ål stavkyrkje, og tingstugu vart lagt i dette området. Når lokalkjende hallingar i dag snakkar om Ål sentrum, nyttar dei framleis omgrepet «på Sundre». Folk utanfor dalen brukar gjerne nemninga «på Ål» i same tyding. Sundre er rekna til om lag rett ovanfor Ål kyrkje.
Folkemengd
Folketalsutvikling på Ål
|
År
|
|
|
Innbyggjarar
|
|
1920 |
|
385 |
1930 |
|
559 |
1946 |
|
842 |
1950 |
|
920 |
1960 |
|
956 |
1970 |
|
1 345 |
1980 |
|
1 928 |
1990 |
|
2 079 |
2000 |
|
2 226 |
2009 |
|
2 270 |
2012 |
|
2 367 |
Kjelder:
|
Kjelder