Den kyrilliske bokstaven Ы (liten bokstav ы) er den 29. bokstaven i det russiske alfabetet. Det finst ingen tilsvarande bokstav i det latinske alfabetet. Ы er ein vokallyd, som vert uttala som ein mellomting mellom dei latinske bokstavane u og i, med munnen trekt ut som når ein uttalar bokstaven i. Starten av uttalelyden kan minna om ein svak å. Med unnatak av framandord står aldrig Ы fyrst i russiske ord.