«'t Is lente» (nederlandsk for Det er vår) er ein song av den nederlandske songararen Corry Brokken. Songen er skriven av Alexander Pola og Else van Epen-de Groot.
Corry Brokken deltok med tre bidrag i Nationaal Songfestival 1956, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits, 24. april 1956. Eit av desse var den nederlandskspråklege songen «'t Is lente». Bidraget enda på tredjeplass med 1210 poeng, og fekk ikkje representere Nederland. Brokken vann derimot med eit anna bidrag, den nederlandskspråklege songen «Voorgoed voorbij», som vart eitt av to bidrag som representerte Nederland.
Kjelder