1952: Det vart målt heile 1869,9 mm regn på 24 timar på den tropiske øya Réunion i Indiahavet. Dette er den størte nedbørsmengda på eit døgn som nokon gong er målt i verda.
1978: Supertankaren MT «Amoco Cadiz» forliste ved kysten av Bretagne, noko som førte til stort oljesøl.
1988: Etter ordre frå Saddam Hussein blei den kurdiske byen Halabja i Irak angripen med gift- og nervegass. Rundt 5 000 menneske døydde og 10 000 blei skadde.