Adsjaria (georgisk აჭარა Atsj'ara, òg kalla Adjara, Ajaria, Ajara, Adjaria, Adzharia, Adzhara og Achara) er ein autonom republikk i Georgia i det sørvestlege hjørnet av landet. Området grensar til Tyrkia i sør og Svartehavet i aust.
Republikken har om lag 355 000 innbyggjarar og hovudstaden er Batumi. Adsjaria er eit populært turistmål, og med det subtropiske klimaet har området mange sitrus- og teplantasjar.