Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

All Summer Long

All Summer Long
Studioalbum av The Beach Boys
Språk engelsk
Utgjeve 13. juli 1964
Innspelt 2. april 1964 – 19. mai 1964
Bortsett frå instrumentalsporet på «Drive-In»: 18. oktober 1963
Sjanger Rock, surferock
Lengd 25:06
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
Shut Down Volume 2
(1964)
All Summer Long Beach Boys Concert
(1964)
Singlar frå All Summer Long
  1. «I Get Around»
    Utgjeve: 11. mai 1964
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Blender3/5 stars[2]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[3]
MusicHound3.5/5[4]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[5]

All Summer Long er det sjette studioalbumet til The Beach Boys og det andre som kom ut i 1964. Det vart spelt inn etter den britiske bølgja med The Beatles i spissen og markerte eit stort vendepunkt i karrieren til The Beach Boys og for Brian Wilson som låtskrivar.

All Summer Long nådde 4. plass i USA og låg på lista i 49 veker. I dag finst All Summer Long (Capitol (S) T 2110) på CD i lag med Little Deuce Coupe, samt bonusspor frå denne perioden.

Soge

Frå februar 1964 sette Wilson i gang ein periode med hard låtskriving og etter nokre veker hadde han songar som «I Get Around», «All Summer Long», «Wendy» og «Girls on the Beach». The Beach Boys la vokalen sin oppå instrumentalspor som andre studiomusikarar spelte. Alt var produsert av den då 21 år gamle Brian Wilson.

«I Get Around» kom ut om lag to månader før albumet og gjekk raskt til førsteplassen i USA. Dette var den første topplasseringa deira i heimlandet. Singelen vart òg den høgaste plasseringa deira til då i Storbritannia med ein sjuandeplass. Albumet kom ut i juli og nådde fjerdeplass i USA og selde til gullplate.

Det skjedde store endringar under innspelinga av albumet. Faren Murry Wilson hadde vore manager og styrt bandet med hard hand fram til då. Under innspelinga av vokalen til «I Get Around» i april gav Brian faren sparken.

Innhald

Alle songar er skrivne av Brian Wilson og Mike Love, bortsett frå der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«I Get Around»Mike Love og Brian Wilson2:12
2.«All Summer Long»Mike Love2:06
3.«Hushabye» (Doc Pomus/Mort Shuman)Mike Love og Brian Wilson2:40
4.«Little Honda»Mike Love1:52
5.«We'll Run Away» (Brian Wilson/Gary Usher)Brian Wilson2:00
6.«Carl's Big Chance» (Brian Wilson/Carl Wilson)instrumental2:25
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
7.«Wendy»Mike Love og Brian Wilson2:16
8.«Do You Remember?»Brian Wilson og Mike Love1:37
9.«Girls on the Beach» (Brian Wilson)Brian og Dennis Wilson2:09
10.«Drive-In»Mike Love1:51
11.«Our Favorite Recording Sessions» (Brian Wilson/Dennis Wilson/Carl Wilson/Mike Love/Al Jardine)studioprat2:00
12.«Don't Back Down»Brian Wilson og Mike Love1:44

Medverkande

Frå arkivaren Craig Slowinski.[6]

The Beach Boys

Studiomusikarar og teknisk personell

Salslister

Vekeslister

Ã…r Liste Plassering
1964 US Billboard 200 Albums Chart 4[1]

Singlar

Ã…r Singel Liste Plassering
1964 «I Get Around» US Billboard Hot 100 Singles Chart 1
1964 «Little Honda» US Billboard Hot 100 Singles Chart 65
1964 «Wendy» US Billboard Hot 100 Singles Chart 44

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger pÃ¥ «All Summer Long» frÃ¥ Wikipedia pÃ¥ engelsk, den 28. august 2009.
    • Wikipedia pÃ¥ engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Little Deuce Coupe/All Summer Long CD-hefte, David Leaf, c.1990.
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com
  1. ↑ 1,0 1,1 Richie Unterberger. «All Summer Long – The Beach Boys | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 15. juli 2013. 
  2. ↑ Wolk, Douglas (October 2004). «The Beach Boys Little Deuce Coupe/All Summer Long». Blender. Arkivert frÃ¥ originalen June 30, 2006. Henta June 2, 2017. 
  3. ↑ The Virgin Encyclopedia of Popular Music, Concise (4th Edition), Virgin Books (UK), 2002, ed. Larkin, Colin.
  4. ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 83. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8. 
  6. ↑ Boyd, Alan; Linette, Mark; Slowinski, Craig (2014). Keep an Eye On Summer 1964 (Digital Liner). The Beach Boys. Capitol Records.  Mirror
Kembali kehalaman sebelumnya