Wiles var professor i matematikk ved Princeton University i USA frå 1980 til 1988, så var han professor i Oxford i Storbritannia i to år, før han reiste attende ti Princeton frå 1990. Alt i 1977 publiserte han viktige arbeid innan talteori og han blir rekna som ein av dei fremste talteoretikarane i verda. Wiles er mest kjend for å ha presentert eit fullstendig bevis for Fermats siste teorem.