Andrew William Stanfield, kjend som Andy Stanfield, (29. desember 1927–15. juni 1985) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vann to gullmedaljar under Sommar-OL 1952.
Stanfield forbetra i 1951 verdsrekorden på 200 meter til 20,6 sekundar. Under dei olympiske sommarleikane i Helsinki i 1952 vart han olympisk meister på spesialdistansen 200 meter, framom landsmennene Thane Baker og James Gathers. Stanfield vann ein ny gullmedalje då han han spurta USA inn til siger i 4 x 100 meter stafett; dei andre på laget var Finis Dean Smith, Harrison Dillard og Lindy Remigino.
Stanfield tangerte sin eigen verdsrekord både i 1952 og 1956. Siste gongen vart han nummer to i USA-meisterskapen, på same tid som Thane Baker. Under Sommar-OL 1956 i Melbourne kom Stanfield inn til sølv på 200 meter, med tida 20,7 sekundar vart han slått av landsmannen Bobby Morrow med eitt tidels sekund.
Kjelder