Arne Carl-August Beurling (3. februar 1905–20. november 1986) var ein svensk matematikar.
Beurling var professor i matematikk ved universitetet i Uppsala (1937-1954) og seinare ved Institute for Advanced Study i Princeton i USA. Han har særleg levert bidrag til harmonisk analyse og funksjonsteori.
Under andre verdskrigen, sommaren 1940, greidde Beurling å knekke tyskarane sin krypteringsmaskin Geheimschreiber. Tyskland brukte svenske teleleidningar for å kunne nå styrkane sine i Noreg med teleprintar. Det svenske forsvaret utnytta høvet og freista å lytte på hemmeleg trafikk. Gjennom prestasjonen til Beurling hadde svenske styresmakter førehandskunnskap om mange viktige hendingar under krigen:
- operasjon Barbarossa, det tyske åtaket på Sovjetunionen.
- «Tirpitz» som saman med kryssaren «Admiral Scheer» med fleire stridsfartøy passerte utanfor Söderarm.
- at tyske SS-troppar reiste frå Noreg med båt for å gå i land ved Vasa.
- at Tyskland ville spørje Sverige om å få sende soldatar med svensk jarnbane.
I juni 1942 mistenkte Tyskland at Sverige las meldingane mellom Noreg og Sverige, og trafikken vart endra eller opphøyrde.
Kjelder