«Arrested for Driving While Blind» er ein song av det amerikanske bluesrockbandet ZZ Top. Songen var skriven av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard og kom ut som den andre singelen frå det femte albumet deira, Tejas (1976).
Songen handlar om gledene og ulukkene ved å køyre i alkoholpåverka tilstand, men bandet har påstått dei ikkje oppfordra til å køyre når ein ikkje er edru.[1]
«Arrested for Driving While Blind» nådde 91. plassen på Billboard Hot 100.[2]
Medverkande
Salslister
Kjelder