Artikulasjonsstaden til ei språklyd er den staden i munnen, svelget eller strupehovudet der ein finn det sterkaste innsnevringa når denne lyden blir uttala. Det finst språklydar med berre éin artikulasjonsstad, andre med dobbel artikulasjonsstad og atter andre med ein primær artikulasjonsstad og ein sekundær artikulasjonsstad. Artikulasjonsstadene i munnen blir definerte ved å nemne ein nedre artikulator (også kalla aktiv artikulator) og ein øvre artikulator (eller passiv artikulator, medan dette systemet ikkje er gjennomført i svelget og strupehovudet.
Artikulasjonsstader i munnen, svelget og strupehovudet