Folk som kjem frå sjølve Aure, medrekna Ertvågsøya blir kalla aurgjeldingar og målføret deira aurgjelding. Folket som kjem frå tidlegare Stemshaug kommune blir kalla stemshaugingar, og dei snakkar ei undergruppe av aurgjelding som blir kalla stemshauging når ein vil vera ekstra presis. Folk frå den tidlegare Tustna kommune blir kalla tustningar og dialekten der blir kalla tustning.
Kommunen har eit rikt planteliv og etter det ein kjenner til, så har Aure verdsnordgrense for tre karplanteartar, nemleg blankburkne, knortestorr og kystmaigull. Av artar på raudlista (2006) i kommunen kjenner ein til åtte artar; alm (NT), blankstorkenebb (NT), brudespore (NT), engmarihand (NT), fjellnøkleblom (NT), kvit skogfrue (NT), kystengkall (VU) og marinøkkel (NT). Som ein ser er alle dei raudlista karplantane i Aure raudlista som "nær truga" (NT), sett bort frå kystengkall. Den siste er raudlista som sårbar (VU).
Dyreliv
Fugl
Aure kommune ligg i eit område med mykje ørn, både havørn og kongeørn. Båe artane hekkar i området, og inntil kommunesamanslåinga med Tustna kommune 1. januar 2006 var kommunevåpenet til Aure to ørnehovud som ser kvar sin veg.
Aure kommune har både fjordar og sjøområde i tillegg til fjell og skog. Dette gjer at det er eit svært variert fugleliv i kommunen. Frå storfugl og rype i fjellet til tjeld, måse og ærfugl ved kysten. I tillegg kan nemnast at ein i Aure kan finna alle dei sju hakkespettartane i Noreg hekkande i kommunen, nemleg; Flaggspett, kvitryggspett, dvergspett, tretåspett, gråspett, grønspett og svartspett. Kva gjeld fugl, så er likevel Mellandsvågen og Livsneset på Skardsøya det mest interessante fugleområdet i Aure. Dette er eit såkalla ramsarområde, og fleire sjeldne og raudlista fugleartar overvintrar der.
Hjortedyr
I Aure kommune er det store stammar med både rådyr og hjort i tillegg til at det finst ein veksande stamme med elg. Aure har lenge vore ein av dei største hjortekommunane i Noreg. Tidleg på våren og sumaren kan ein sjå mykje hjort beitande langs vegane. Det er ikkje uvanleg å sjå flokkar på fleire titals dyr.
Rovdyr
Gaupe er det største bufaste rovdyret i Aure. Det har vore observert bjørn i kommunen, men dette er ikkje eit dyr som har fast tilhald der. Raudreven har også fast tilhald i Aure og kan synast å ha auka i antal dei siste åra, etter å ha vore på eit lågmål ei tid grunna reveskabb.
Piggsvin var tidlegare ein vanleg dyreart i Aure, men kom meir eller mindre bort i laupet av 1960-talet, uvisst av kva grunn. I dag kjenner ein ikkje til at arten finst nokon stad i kommunen. Bever oppheldt seg nokre få år på 1980-talet i Todalen i Aure. Truleg har arten vore vanlegare i gamal tid, då gardsnamnet Bjøringen i Aursundet er rekna å vera utleidd av bever. Sjå Todal (1963).
Tustna og Aure kommunar vart samanslegne den 1. januar 2006. Den nye kommunen ber namnet Aure, og kommunevåpenet byggjer på Tustna sitt kommunevåpen med den endringa at klippfisken skal vera i sølv (kvitt) i staden for tidlegare gull (gult). (sjå [1][daud lenkje])
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Aure kommune frå 1875:
a Dette talet omfattar ikkje eit område på Ertvågøya som var del av gamle Valsøyfjord kommune fram til kommunesamanslåinga i 1965, då det vart overført til Aure kommune. Dette området hadde då 141 innbyggjarar. b Dette talet omfattar skulekrinsen Innlandet, som var del av Aure kommune fram til 1976, då det vart overført til Halsa kommune. Dette området hadde då 158 innbyggjarar.
Asbjørn Barlaup, Anna Lovisa Melland og Anders S. Todal, Tu Aurgjelda 1998, Årbok for Aure Historielag, Aure Historielag, 1998.
Per Eilert Orten, Den nye dagen gryr, Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000.
Anne Marie Stavles, Reidar Lie, Kristian Engdal og Daniel Dyrnes, Minneskrift for Aure og Stemshaug, Krigsåra 1940 - 1945, Frigjeringskomiteen i Aure og Aure Historielag, 1995.