Kommunesenteret heiter Aurlandsvangen. Andre bygder er Flåm, Gudvangen, Undredal og Vassbygdi.
Kommunen femner om eit svært berglendt landskap der om lag 80 % av arealet ligg over 900 moh. Høgste punktet er Blåskavlen på 1809 moh.
Historie
Det er gjort gravfunn frå bronsealderen og vikingtida i Aurland.[1]
Folketalet i Aurland var på sitt meste i 1845, om lag 2 800, og har sidan falle jamnt, først grunna utvandringa til Amerika, seinare som fylgje av den allmenne samfunnsutviklinga.
Kommunesoge
Ulikt dei andre kommunane i Sogn har det vore berre små endringar i grensene til Aurland. Ein må heilt attende til tida før formannskapsdistrikta vart skipa i 1837 for å finne ei stor endring. I 1773 vart Oppheim sokn ført over frå Aurland skipreide til Voss. Sidan har det vore mindre endringar i grensa mellom Aurland og Hol kommune.[2] Aurland gjekk gjennom dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet utan grenseendringar.
Aurland var fram til 2004 eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Den lokale prestetenesta i Aurland vert no organisert av prosten i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde fire sokn, med kvar si soknekyrkje. Dette er Vangen sokn med Vangen kyrkje på Aurlandsvangen, Flåm sokn med Flåm kyrkje, Undredal sokn med Undredal stavkyrkje og Nærøy sokn med Bakka kyrkje. Utom Bakka, som er fyrst fekk kyrkje i 1859, har alle kyrkjestadene historie til attende i mellomalderen. Vangen kyrkje er truleg frå 1200-talet, medan delar av Undredal stavkyrkje truleg er frå midten av 1100-talet. Flåm kyrkje er frå 1670, men ho erstatta ei eldre kyrkje som mest truleg var ei stavkyrkje. I tillegg til desse kyrkjene kjenner ein til at det har stått ei stavkyrkje på Rygg litt oppom der Vangen kyrkje står, og ei på Fretheim i Flåm.[6]
Næringsvegar
Gamle og nye næringsvegar, som geitehald og kraftproduksjon, er basert på ressursane i høgfjellet. Jordbruk og handel er dei tradisjonelle næringane, seinare også skoproduksjon (Aurlandsskoen), kraftproduksjon og turisme.
Turismen knyter seg til den sjeldsynt vakre og varierte naturen: Aurlandsdalen, Flåmsdalen med Flåmsbana, verdsarvområdetNærøyfjorden og fisket i Aurlandselva. Andre attraksjonar er Lærdalstunnelen, som er verdas lengste vegtunnel, og fjellvegen til Lærdal («Snøvegen») med utsiktspunktet Stegasteinen. Flåm har djupvasskai med stor cruisetrafikk.
Absalon Pederssøn Beyer (1528-75), humanist, historikar, teolog, notar, slottsprest m.m., fødd i Skjerdal, studerte i København og Wittenberg, budde seinare i Bergen. Skreiv m.a. verket "Om Norgis Rige".
Per Sivle (1857-1904), forfattar og redaktør, fødd i Flåm, oppvaksen på Vossestrand, budde seinare i Drammen og Kristiania.
Nils Tveranger (1874-1953), skomakar. Tveranger hadde 15 mann i arbeid i verkstaden. På det meste gav produksjonen av den spesielle skoen arbeid til 90 personer i Aurland.
Jens Lunde (1884-1974), stortingsrepresentant for Bondepartiet 1945-53. Grunnla SJH. Fylkeslandbrukssjef.
Ragnvald Terum Winjum (1917-65), fylkesordførar 1963, vararepresentant for Venstre på Stortinget 1961-65.
Johannes Vinjum (1930-91), kunstmålar og grafikar, fødd og oppvaksen på Aurlandsvangen, budde seinare i Oslo.
Finn Tokvam (1972-), journalist, musikar og forfattar, fødd og oppvaksen i Flåm, bur no i Bergen.
Verd å vitja
Vangen kyrkje er ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen.