Barelias eller Bar Elias (arabisk برالياس; òg skrive Bar Ilyas) er ein by i Zahle distrikt i Beqaa guvernement i Libanon. Med kring 60 000 innbyggjarar (hovudsakleg sunni-muslimar) er han den nest største byen, etter Zahle, i Zahle distrikt. Barelias ligg i Beqaadalen, halvvegs mellom Beirut og Damaskus.
Barelias ligg kring 900 meter over havet, kring 51 km frå Beirut.
Bar Elias er den største sunnibyen i Bekaadalen. 15-20% av innbyggjarane i byen er kristne, hovudsakleg gresk-ortodokse og maronittar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Administrativt senter: Zahlé |
Byar og landsbyar | | |
---|