Bayer 04 Leverkusen, i Noreg kjend som Bayer Leverkusen er ein tysk fotballklubb i Leverkusen i Nordrhein-Westfalen. Fotballklubben var den største og mest velkjende avdelinga av idrettslaget TSV Bayer 04 Leverkusen, som namnet viser vart skipa i 1904. Fotballavdelinga av TSV Bayer 04 vart ekskludert frå idrettslaget i 1999. Fotballklubben og -selskapet Bayer 04 Leverkusen GmbH vart då skipa 1. april 1999.
Største triumfen feira Bayer Leverkusen då fotballaget vann UEFA-cupen i 1988. Fem år seinare vart klubben tysk cupmeister. I 2002 nådde Bayer Leverkusen finalen i Meisterligaen, der vart tap 1-2 mot Real Madrid. Bayer Leverkusen har spela i Bundesliga sidan 1979, men aldri vunne noko seriemeisterskap. Derimot har klubben fem gongar sikra seg sølvmedaljane i den tyske toppserien.
Bayer Leverkusen spelar heimekampane på BayArena. Dei fremste, lokale rivalane til Bayer Leverkusen er FC Köln.
Kjelder