Namnet Beijing (forenkla kinesisk北京, pinyinBěijīng, Wade–Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[6] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[5] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[7]
Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[8] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[9]
↑ 5,05,1«Beijing». Store norske leksikon. Henta 26. september 2019.
↑Hucker, Charles O. (1958). «Governmental Organization of the Ming Dynasty». Harvard Journal of Asiatic Studies21: 1–66. JSTOR2718619. doi:10.2307/2718619.
↑Lane Harris (2008). «A 'Lasting Boon to All': A Note on the Postal Romanization of Place Names, 1896–1949». Twentieth Century China34 (1): 96–109. doi:10.1353/tcc.0.0007.