Beit Zera (hebraisk בֵּית זֶרַע, tyder «Huset til såkornet») er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg ved sørbreidda av Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 697.
Han var grunnlagd i 1927 av emigrantar frå Austerrike og Tyskland og vart kalla Kfar Nathan. I 1947 hadde han eit folketal på 500.[1]
Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 fortsette landsbybuarane med jordbruket sitt, trass i at dei stadig vart bomba av syriske og irakiske soldatar i tillegg til frå den arabiske legionen.[1]
Samfunnet vart grunnlagd i 1921 i Petah Tikva[treng kjelde], og flytta til Galilea i september 1927.
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 92.
Bakgrunnsstoff