Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Billy Talbot

Billy Talbot

Fødd23. oktober 1943
FødestadNew York City i USA
OpphavUSA
Aktiv1962 til i dag
SjangerHardrock, countryrock, bluesrock
InstrumentBassgitar, vokal
Tilknytte artistarDanny & The Memories, The Psyrcle, The Rockets, Crazy Horse, Neil Young
PlateselskapLiberty Records, Valiant Records, Lorna Records, ei avdeling av Autumn Records, White Whale, Reprise
Verka somMusikar, låtskrivar

Billy Talbot (fødd 23. oktober 1943)[1] er ein amerikansk musikar, og mest kjend som bassist for backingbandet til Neil Young, Crazy Horse.

Han var fødd i New York City og han starta karrieren sin som gatesongar då han var 14 år gammal. Han flytta til New Jersey med familien sin året etter og då han var 17 hadde han flytta til Los Angeles. Der vart han ven med Ralph Molina og Danny Whitten. Trioen danna ei Doo-wop-gruppe kalla Danny and the Memories.[2] Etter å ha flytta gruppa til San Francisco vart dei The Psyrcle, som etter kvart vart utvida med Leon og George Whitsell og Bobby Notkoff. Bandet skifta då namn til The Rockets.[2]

I 1967 møtte gruppa Neil Young, som då var medlem av Buffalo Springfield. Etter dette møtet ønskte Young å samarbeide med Molina, Whitten og Talbot og skapte Crazy Horse.

Talbot starta å spele solo i 1999 på små konsertstader, støtta av tilhengjarar av Crazy Horse.[2] In oktober 2004 la Talbot igjen ut på eiga hand som The Billy Talbot Band, og gav ut albumet Alive in the Spirit WorldSanctuary Records.[3]

Kjelder

  • Memorable Music Hall of Fame, arkivert frå originalen 16. oktober 2011, henta 24. oktober 2010 
  • 2,0 2,1 2,2 Selvin, Joel (23 januar 2000). «Young's Bassist Has Crazy Idea: Go Solo». San Francisco Chronicle. Henta 24. oktober 2010. 
  • «CD Review: The Billy Talbot Band». Glide Magazine. September 24, 2004. Henta 24. oktober 2010. 
  • Bakgrunnsstoff

    Kembali kehalaman sebelumnya