Orden (lat. ordo) er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein orden kan omfatte ein eller fleire skylde familiar, og ein eller fleire nærskylde ordenar kan samanfattast som ein klasse.
Som for andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit reint skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle orden.
Innanfor systematikken er ein derfor no meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.