Bitter Tears: Ballads of the American Indian er det tjuande albumet av countryartistenJohnny Cash. Det er eit konseptalbum og det vart utgitt i 1964 av Columbia Records. Som tittelen indikerer, er dette eit album som fokuserer på historia og problema til indianarane i Sambandstatane. Songane handlar om den harde og urettferdige måten indianarane vart behandla på. Cash var på denne tida overtydd om at han slekta på Cherokee-indianarane, noko som var litt av inspirasjonen for dette albumet. I seinare år fann han ut at dette ikkje stemte; slekta hans kom frå Skottland, England og Irland. Songane er stort skrive av Cash sjølv og Peter La Farge. Berre «The Ballad of Ira Hayes» vart gitt ut som singel og hamna på tredje plass på The Country Charts på Billboard.
Innspeling
«The Ballad of Ira Hayes» vart spelt inn 5. og natt til 6. mars 1964. Resten av songane vart spelt inn 29. juni, 30. juni og natt til 1. juli same året. Alle songane vart spelt inn i Columbia Recording Studio i Nashville, Tennessee.[2]