Brønnøysund er ein by og administrasjonssenteret i Brønnøy kommune i Nordland.
Tettstaden har 5 023 innbyggjarar per 1. januar 2023 og fekk bystatus i 1996. Brønnøysund vart likevel ladestad allereie i 1923, og hadde då ein byliknande busetnad.
Rett utanfor og frå Brønnøysund kan du sjå Torghatten som er eit kjent landemerke i Nordland.
Hurtigruta stoppar i byen to gonger om dagen, sørgåande om ettermiddagen og nordgåande rett over midnatt.
Brønnøy kyrkje som står i Sørbyen vart innvia i 1870, men den fyrste kyrkja vart bygd så tidleg
som på slutten av 1100-talet.