Brøstadbotn er ei bygd og administrasjonssenteret i Dyrøy kommune i Troms fylke. Staden ligg på fastlandet ved Dyrøysundet, innom Dyrøya.
Brøstadbotn har mellom anna bank og daglegvarebutikkar. I Brøstadbotn ligg òg Brøstad kyrkje frå 1937, Elvetun skole og Dyrøyhallen.