Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Budstikka

Avisnamnet Budstikke kan òg referere til Romsdals Budstikke eller Søgne og Songdalen Budstikke.

Budstikka (tidlegare: Asker og Bærums Budstikke) er ei dagsavis som kjem ut på Billingstad i Asker kommune i Akershus fylke. Avisa vert utgjeven måndag til laurdag, og er ei lokalavis for Asker og Bærum kommunar. Den redaksjonelle profilen er «uavhengig konservativ».

Asker og Bærums Budstikke, som hausten 2004 endra namnet til Budstikka, blei grunnlagt i Sandvika i Bærum i 1898 av boktrykkjar og redaktør Jørgen Kanitz. Avisa la om til tabloidformat 1. mars 2002. Laurdagsavisa kom ut første gong 17. februar 1996, som tabloid i tre utgåver, ei for kvart av distrikta Asker, vestre Bærum og austre Bærum.

Utgjevarselskapet heiter framleis Asker og Bærums Budstikke ASA, og er no organisert som eit konsern som gjev ut papiravisa Budstikka og nettavisa Budstikka.no, og driv lokal-TV-stasjonen TV.Budstikka.

I 2001 planla avisselskapet å etablere ei ny riksdekkjande sportsvekeavis, men desse planane blei seinare lagt vekk.

Avisa kallar seg sjølv for Noregs største lokalavis.

Redaktørar

Opplagstal

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 30 915
2005 30 427
2006 29 439
2007 29 660
2008 28 264
2009 27 174
2010 26 230
2014 21 070

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Kembali kehalaman sebelumnya