Bykle er den kommunen som brukar mest pengar på kultur per innbyggjar.[1] Bykle har store vasskraftressursar, og store delar av inntektene til kommunen kjem frå produksjon av elektrisitet frå vasskraft.
Riksveg 9 (Haukeli–Kristiansand) går nord–sør gjennom kommunen. På Haukeli i Vinje vert han forbunde til E 134 (Drammen–Haugesund).
Natur og geografi
Denne nordlege delen av Agder høyrer til det svekonorvegiske grunnfjellsskjoldet, og består av to geologiske hovedformasjoner av proterozoiske bergarter som er danna under dei gotiske og seinare svekonorvegiske fjellkjedeforldingene, med sterk metamorfose under den sistnemnde.[2] Eit underlag av 1 600 – 1 450 millionar år gammal skifer, kvartsitt, marmor og amfibolitt med noko hornblendegneis, og ovanpå dette sure overflatestrukturane av både granitt og granodioritt (høvesvis 1 250 – 1 000 mill år gammalt, og stedvis 1 550 – 1 480 millionar år gammalt). I kommunen er det ca. 1 000 millionar år gammal granitt som dominerer. Dei yngste svekonorvegiske danningane bevitnes av større formasjonar av granitt. Den kaledonske fjellkjedefoldinga nådde ikkje ned hit. Forkastningane går både i sørvest-nordaustleg retning, og i sør/nord-retning der det går ei stor forkastningsline.[3]
Elver:
Hovedvassdraget i Bykle og Setesdaler Otra. Størstedelen av kommunen, med unntak av eit lite område på grensa mot Tokke i aust og eit noko større område i sørvest blir drenert i Otra.
Fjell:
Bykle kommune er prega av store høyfjellsområder både på aust- og vestsida av hoveddalføret. Terrenget er stort sett mellom 1000 og 1200 moh, og innehar mange avrundete fjell. Mot vasskilet i aust og vest strekkjer dei høgaste toppane seig mot 1500 moh Det er ingen isbrear i Bykle, men det finst snøfonner i området ved Svartepodd i nordvest som berre forsvinn i særs varme somrar.
Sæbyggjenuten (1507 moh) er høgaste punkt i Bykle kommune og har ein primærfaktor på 317 meter.
Vatn:
Den småkuperte topografien gjer at det i Bykle finst hundrevis av vatn. Nord for Vatnedalsvatn er grunnen kalkrik, slik at fiskebestanden er god, til trass for sur nedbør i tidlegare tider. Aure er einaste naturlege fiskeslag i Bykle.
Kultur
Kulturminneåret 1997 vart Byklestigen valt til Bykle kulturminnet til kommune.
Tusenårstad:
Opphavleg vart Hovden sentrum valt til tusenårsstad for Bykle kommune, og ein skulptur med eit tusen år gammal myrmalmklump skulle markere staden. Seinare vart staden flytta til Hegni på Hovden, der ein skulptur markerer staden i Hegni Friluftområde.