Can't Help Falling in Love
«Can't Help Falling in Love» er ein popsong opphavleg spelt inn av den amerikanske songaren Elvis Presley og publisert av Gladys Music. Han vart skriven av Hugo Peretti, Luigi Creatore og George David Weiss. Melodien er basert på «Plaisir d'Amour»[2] (1784), ein populær romanse av Jean Paul Egide Martini (1741–1816). Han vart nytta i Elvis Presley-filmen Blue Hawaii frå 1961. Sidan den gongen har songen vorte spelt inn av mange artistar, som den britiske reggaegruppa UB40, som i 1993 toppa singellista i USA og Storbritannia, og den svenske popgruppa A-Teens.
Elvis Presley-versjonen
Elvis Presley toppa den britiske singellista i 1962 med songen, og denne har vorte nytta i fleire filmar, som Coyote Ugly og Walt Disney-filmen Lilo & Stitch. Singelen selde til platina i USA for 1 million selde eksemplar. I USA nådde Elvis andreplassen på poplista og førsteplassen på Easy Listening-lista.[3]
Seint i 1960-åra og i 1970-åra spelte Presley songen som siste nummeret i showa sine. Han vart mellom anna sungen på showet for NBC i 1968 og som avslutningsnummer i 1973 i «Aloha from Hawaii». Ein versjonar med raskare og meir laussluppen arrangement vart nytta i showet «Elvis in Concert».
Innhald
- 7"
- «Can't Help Falling in Love»
- «Rock-A-Hula Baby»
UB40-versjonen
(I Can't Help) Falling in Love with You Singel av UB40 frå albumet Promises and Lies
|
|
Språk
|
engelsk
|
Utgjeve
|
10. mai 1993
|
Innspelt
|
1993
|
Sjanger
|
Reggae fusion, reggae
|
Lengd
|
3:24
|
Selskap
|
Virgin
|
Komponist
|
Hugo Peretti, Luigi Creatore, George David Weiss
|
Tekstforfattar
|
Hugo Peretti, Luigi Creatore, George David Weiss
|
Produsent
|
UB40
|
UB40-kronologi
|
«One in Ten» (1992)
|
(I Can't Help) Falling in Love with You
|
«Higher Ground» (1993)
|
I 1993 spelte den britiske reggaegruppa UB40 inn songen, som den første singelen frå albumet Promises and Lies i 1993. Songen kom ut i mai 1993 og nådde toppen av Billboard Hot 100 og i Storbritannia. Han vart nytta i filmen Sliver.[4] Han låg på toppen av den amerikanske singellista i sju veker. Han nådde òg toppen av singellistene i Austerrike, Nederland, Sverige, Australia og New Zealand. I Noreg nådde songen fjerdeplassen.
Innhald
- CD single
- «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
- «Jungle Love» (5:09)
- CD maxi
- «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
- «Jungle Love» (5:09)
- «I Can't Help Falling in Love with You» (Extended Mix) (6:03)
- 10"
- «I Can't Help Falling in Love with You» (Extended Mix) (6:03)
- «Jungle Love» (5:09)
- «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
- 7"
- «I Can't Help Falling in Love with You» (3:24)
- «Jungle Love» (5:09)
Lister
A-Teens-versjonen
Songen vart gjeven ut som den første singelen til A-Teens frå det tredje albumet deira, Pop 'til You Drop!, i tillegg til filmmusikkalbumet til Lilo & Stitch.
Songen vart ein radiohit i USA og nådde 12. plass i Sverige, 16. plass i Argentina og 41. plass i Australia.
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
- Keely Smith, som låg inne på listene samstundes med Presley sin versjon.
- Perry Como, frå september 1962 på albumet By Request (RCA Victor Records katalognummer LSP-2567).
- Patti Page, for Best Of Patti Page.
- Doris Day, i 1963 på albumet Love Him.
- I 1963 av vokalgruppa The Lettermen på albumet deira Kind of Love.
- I 1966 av vokalgruppa We Five på albumet You Were on My Mind.[14]
- I 1967 av den italienske songaren Bobby Solo på italiensk som «Te ne vai», på albumet hans San Francisco.
- I 1969 av det greske bandet Aphrodite's Child, kalla «I Want to Live» på albumet deira It's Five O'Clock. Versjonen deira nytta ein annan engelsk tekst og er dystrare enn originalen.
- Ein livleg versjon av Andy Williams nådde tredjeplassen på UK Singles Chart i mars 1970.
- Al Martino spelte inn songen for Capitol Records som katalognummer 2746 i 1970, og nådde 51. plassen på Billboard-lista og 57. plass på Cash Box magazine Best-Selling Records list.
- Den filippinske songaren Nora Aunor gav ut songen i 1971 på Blue Hawaii.
- Bob Dylan spelte inn ein versjon av denne song for New Morning-innspelinga i 1970, og denne vart gjeven ut utan godkjenninga hans av Columbia i 1973 på Dylan (Columbia Records).
- Raul Seixas, ein populær brasilsk songar, spelte inn ein versjon av songen, først gjeven ut etter songaren døydde.
- The Stylistics laga ein discoversjon av songen som nådde fjerdeplassen i Storbritannia i juni 1976.
- Shirley Bassey spelte inn ein versjon av songen i 1976.
- Abbey Road Records gav ut ein versjon av Herb Reed & The Original Platters i 1977.
- I 1980-åra og igjen i 2009 framførte stundom Bruce Springsteen songen på konsertane sine.
- Den britiske synthpopduoen Techno Twins spelte inn songen i 1982 for albumet deira Technostalgia.
- Lick the Tins gav ut songen i 1986 på albumet Blind Man on a Flying Horse. Denne vart ein liten hit i Storbritannia og vart nytta i filmane Some Kind of Wonderful og The Snapper.
- I 1987 nådde Corey Hart 24. plassen på Billboard Hot 100 med songen.
- Det australske bandet The Triffids spelte inn songen i 1989 for albumet The Black Swan.
- U2 nytta songen som avslutningsnummer på 87 av 159 konsertar under Zoo TV Tour i 1992–1993. Ein av desse finst på Zoo TV: Live from Sydney og albumet Zoo TV Live.
- Bono, frontmann i U2, song ein soloversjon av songen for filmen Honeymoon in Vegas i 1992.
- Bruno Mars gjorde i 1992 ei lita rolle i Honeymoon in Vegas som ein Little Elvis-etterliknar, der han song songen.
- Den sveitsiske musikaren Stephan Eicher spelte inn songen i 1994 for konsertalbumet Non Ci Badar, Guarda e Passa.
- Den tyske Italo disco-artisten Fancy spelte ein synthpop-versjon av denne i 1996 på albumet Christmas In Vegas.
- David Thomas frå Pere Ubu gav ut ein mørk versjon av songen på Meadville (1997).
- Ein instrumental versjon av songen vert spelt av eit brassband under rulleteksten til den italienske filmen Radiofreccia i 1998.
- Ein livleg dance-versjon kalla «Techno Wondeland», finst på Dancemania Speed 2 frå 1999.
- Det amerikanske rockebandet Eels spelte inn songen under Black Sessions-innspelinga i 2000 og gav denne ut som B-sida til singelen «Souljacker» og sidan på albumet Useless Trinkets i 2008.
- Hi-Standard hadde ein versjon av songen på Love is a Battlefield EP i 2001.
- Den britiske synthpopduoen Erasure spelte inn songen i 2003 for albumet Other People's Songs.
- Rick Astley spelte inn songen for albumet Portrait in 2005.
- Richard Marx laga to versjonar av songen på albumet Ballads.
- Clay Aiken framførte songen under Elvis-delen av Jukebox Tour i 2005.
- Tidleg i 2006 framførte Andrea Bocelli ein ny versjon av songen for albumet hans, Amore.
- F4, ei taiwansk gutegruppe song songen på kinesisk for filmen Lilo & Stitch.
- CSJH The Grace, ei sørkoreansk jentegruppe gjorde ein acappellaversjon av songen.
- Julio Iglesias spelte inn ein versjon av songen.
- Dave Matthews nytta ofte eit vers av songen mot slutten av songen «The Stone» på konsertane sine.
- Katharine McPhee framførte songen på American Idol og spelte han sidan inn med Andrea Bocelli.
- Urbanize spelte inn ein versjon av songen for Liebe kommt aus dem Herzen.
- Blackmore's Night, eit folkrockband med Ritchie Blackmore frå Deep Purple og Rainbow, og kona Candice Night, spelte songen i 2008 for albumet Secret Voyage.[15]
- Mägo de Oz, eit keltisk folk-metal-band frå Spania, spelte inn ein versjon av songen kalla «Todo Irá Bien» i 2004 på albumet Belfast.
- Ingrid Michaelson spelte inn ein versjon av songen i 2008 for albumet Be OK.
- Harry Connick Jr. spelte songen i 2009 for albumet Your Songs.
- Arlo Guthrie og Pete Seeger framførte songen på More Together Again, som kom ut i 1994. Songen heiter her «Denmark Folk Festival».
- The Pretenders gav ut songen som eit bonusspor i 2008 på albumet Break Up the Concrete.
- William Control spelte songen på det andre albumet hans, Noir.
- Shane Told frå Silverstein spelte inn songen for Hopeless Records-samlinga kalla Love is Hopeless.
- Chris Isaak spelte inn songen på hyllestalbumet til Sun Records, Beyond the Sun.
- Det britiske punkbandet Leatherface spelte inn songen i 2000 for Mackem Music: The Sound of Sunderland.
- Jon Schmidt spelte ein pianoversjon av songen i 2000 på albumet To the Summit.
- Keaton Henson spelte inn songen for Forts Pt. 2 våren 2012.
- Céline Dion song ein konsertversjon av songen i 1995 på The Colour of My Love Concert.
- Pearl Jam song songen 22. oktober 2000 på ein konsert i Las Vegas.
- The Who nytta delar av songen i singelen «Real Good Looking Boy» frå 2004.
- Andrea Bocelli framførte ein versjon av songen på World Music Awards i 2006.
- Jackie Chan song songen på The Ellen DeGeneres Show i 2010.
Andre innspelingar
Norske versjonar
Arne Bendiksen og Benny Borg har skrive norske tekster for melodien. Den norske tittelen til Bendiksen er «Tro på meg», medan Borg sin heiter «Som det var en gang».
Innspelingar
År
|
Tittel
|
Album
|
Artist
|
Tekstforfattar
|
Platetype
|
Platemerke og katalognummer
|
1974
|
«Tro på meg»
|
Jeg kommer snart igjen
|
Hans Petter Hansen
|
Arne Bendiksen
|
LP
|
Flower ABM 419
|
1980
|
«Som det var en gang»
|
Benny Borg synger Elvis
|
Benny Borg
|
Benny Borg
|
LP
|
Troll TMLP 511
|
Kjelder
- ↑ RateYourMusic
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 18. april 2021, henta 22. september 2013
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 196.
- ↑ King, Alex P. (2004). Hit-parade – 20 ans de tubes (på fransk). Paris: Pascal. s. 342. ISBN 2-35019-009-9.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 "(I Can't Help) Falling in Love with You", in various Singles Chart Lescharts.com . Henta 22. september 2013.
- ↑ Belgian peak
- ↑ Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3.
- ↑ Tyskland Charts-surfer.de Arkivert 2007-10-29 ved Wayback Machine. . Henta April 10, 2008.
- ↑ Irish Single Chart Irishcharts.ie . Henta April 10, 2008.
- ↑ Italian Single Chart Hit parade Italia (Henta May 31, 2008)
- ↑ «Single top 100 over 1993» (PDF) (på nederlandsk). Top40. Henta April 15, 2010.
- ↑ "(I Can't Help) Falling in Love with You" ub40.co.uk Arkivert 2008-01-31 ved Wayback Machine. . Henta 22. september 2013.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 13,3 Billboard allmusic.com . Henta 22. september 2013.
- ↑ We Five, You Were on My Mind. Henta February 26, 2012.
- ↑ Secret Voyage @ SPV
Bakgrunnsstoff
|
|