Collage eller kollasj (frå det franske ordet for å lime eller klistre) er eit heilskapleg bilete som er sett saman av mindre utklipp og materialbitar, ofte i kombinasjon med teikning eller måleri, eller utført heilt digitalt. I vidare forstand vert collage brukt om alle slags kunstariske samanstillingar av lause element, til dømes også det å samanføre ulike mindre tekstar eller filmklipp til ei samanhengande eining. Omgrepet dekkjer både teknikken og det ferdige verket eller produktet.