Barry «The Fish» Melton Paul Armstrong Bruce Barthol Gregory Leroy Dewey John Francis Gunning Mark Kapner «Country» Joe McDonald Doug Metzler Gary «Chicken» Hirsch David Bennett Cohen
Country Joe and the Fish var eit rockeband som var mest kjend for protestsongane sine mot vietnamkrigen frå 1966 til 1971, og for å ha hatt ein viktig innverknad på psykedelisk rock.
Historie
Namnet på gruppa kom frå politikkverda og «Country Joe» var eit populært namn på Josef Stalin i 1940-åra, medan «the fish» syner til sitatet til Mao Tse-Tung som sa at «sann revolusjon flyt gjennom bondestanden som fisk gjennom vatn». Gruppa bestod av ei kjerne av «Country Joe» McDonald (solovokal) og Barry «The Fish» Melton (sologitar), og dei spelte inn for «Teach-In»-protestane mot vietnamkrigen i 1965. McDonald og Melton tok inn fleire musikarar etter kvart som dei trengde dei. I 1967 bestod bandet i tillegg av Gary «Chicken» Hirsh (trommer), David Cohen (klaverinstrument) og Bruce Barthol (bass). Besetninga frå 1967 varte berre to år og på Woodstockfestivalen omfatta besetninga Greg 'Duke' Dewey (trommer), Mark Kapner (klaverinstrument) ogDoug Metzler (bass).
Den største hitten deira var antikrigssongen «I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag», som kom ut same året som bandet vart starta, men som vart mest kjend etter den akustiske soloutgåva til Country Joe på Woodstockfestivalen. Country Joe vart i 2001 saksøkt av dotter til Kid Ory, Babette Ory, som hevda at Joe sin «Fixin»-rag braut opphavsretten hennar til Kid Ory sin Dixieland-standard «Muskrat Ramble». I august 2003 vann Joe saka, sidan det hadde vore kjend at Joe song songen sidan seint i 1960-åra, men at det ikkje hadde kome klagar på mange tiår.
Antikrigsaktiviteten til Country Joe gjorde at han vart innkalla som vitne i konspirasjonssaka Chicago Seven i 1969.