Dekar, forkorta daa er ti ar (deka-ar), eller 1000 kvadratmeter.
Då meterkonvensjonen vart innført i Noreg i 1875 vart det bestemt at eit mål skulle reknast til ti ar, slik at desse einingane vart samanfallande. Dekaret brukast mellom anna når ein gjev opp storleiken på tomter og landbrukseigedommar.
1 dekar = 1000 m²
1 dekar = 10 ar
10 dekar = 1 hektar
1000 dekar = 1 kvadratkilometer
I motsetnad til hektar, er dekarmålet lite nytta internasjonalt. Unntaka er Noreg og Bulgaria. I tillegg er den gamle ottomanske måleeininga dunum – som blant anna vert nytta i Tyrkia, Israel og Jordan – i nyare tid redefinert til å ha same storleik som ein dekar. Dét er også det greske flatemålet stremma.
Kjelder