Desi (symbol d) er eit SI-prefiks i SI-systemet som står for 10−1 eller 1/10.
Forstavinga har vore i bruk i målesystem sidan 1795. Desi kjem frå latin decimus, som tyder tiande.
Forstavinga er mest kjend i lengemålet desimeter.