«Down All the Days (Till 1992)» er ein song og singel av den engelske rockegruppa The Kinks. Han vart gjeven ut på albumet UK Jive i 1989 og var skriven av Ray Davies.
Utgjeving
«Down All the Days (Till 1992)» var den første singelen frå albumet i Storbritannia (men ikkje i Amerika) og kom ut 25. september 1989. B-sida var ein konsertversjon av hitten «You Really Got Me» frå 1964. Som den førre singelen, «The Road», selde han dårleg og gjekk ikkje inn på nokre salslister. I 1990 vart songen nytta som B-side til oppfølgjarsingelen, «How Do I Get Close», i Storbritannia.
Kjelder
|
---|
1960-åra | |
---|
1970-åra | |
---|
1980-åra | |
---|
1990-åra | |
---|
Andre singlar (ikkje UK/US) | |
---|