Dr. Jekyll og Mr. Hyde (engelskThe Strange Case of Dr Jekyll and Mr Hyde) er ein roman av den skotskeforfattarenRobert Louis Stevenson som fyrst kom ut i 1886. Romanen blei spesielt kjend etter 1888, då stykket blei spelt på teater i London, og i samband med dei liknande drapa til Jack the Ripper. Boka blir rekna som ein av dei tre store grøssarromanene, saman med Frankenstein og Dracula.
Om Dr. Jekyll og Mr. Hyde
Bakgrunnshistorie
Historia om korleis romanen blei til er nesten like kjend som romanen sjølv. Stevenson fortalde sjølv at historia kom til han gjennom ein draum i ein sjukdomsperiode. Han fekk visjonen om rovdyret «Mr. Hyde», det vonde i menneskeskikkelse, som rasar gjennom dei mørke gatene i London, trampar omsynslaust over eit lite barn og lèt det ligga og skrika. Stevenson brukte tre dagar på å skriva ned historia på rundt hundre sider og viste deretter resultatet til kona si. Ho tillét seg å komma med nokre kritiske merknader, og i sinne kasta han romanen inn i peisen og skreiv historia om igjen. Også denne gongen brukte han tre dagar, før han igjen viste manuskriptet til kona. Denne gongen fekk han eit betre resultat.
Romanen blei eit gjennombrot for Stevenson som forfattar. Han sjølv uttalte at boka er «det verste eg nokosinne har laga», men han hadde ein tendens til å undervurdera eigne prestasjonar.
Handling
Handlinga går føre seg i London ein gong på slutten av 1800-talet. Dette var ei tid då det skjedde mykje snusk i dei mørke bakgatene i byen. Sakføraren Utterson får vita av vennen sin Enfield om ei underleg hending som blir diskutert i byen, som er knytt til ein viss liten, stygg og vondskapsfull person kalla Edward Hyde. Han er ein person som har slått og mishandla ei lita jente. Enfield var tilstades og såg at Mr. Hyde fekk ei bot som han betalte med ein sjekk underteikna av doktor Henry Jekyll. Utterson, som er advokaten til Jekyll, synest dette er underleg og må finna ut av kven denne «Mr. Hyde» er sidan han er arvingen til klienten hans. Det viser seg at Dr. Jekyll og Mr. Hyde, kor forskjellige dei enn verkar, har meir til felles enn det Utterson og lesaren ville ha trudd.
Dr. Jekyll og Mr. Hyde nyttar tidvis av dagbok- og brev-notat frå personane i forteljinga, Utterson, Jekyll, Hyde og Doktor Lanyon, for å føra handlinga framover. Dagbokforteljinga er det eldste stiltrekket til romanen og var karakteristisk i viktoriansk litteratur. Det finst òg i kjente verk som Frankenstein av Mary Shelley og Dracula av Bram Stoker.
Tolkingar
Boka kan tolkast på mange måtar. Stoffmisbruk er den mest kjende tolkinga, men truleg er kjemiske middel som blir brukte til å framstilla ein annan og vondskapsfull natur hjå menneske eit reint stilistisk grep frå Stevenson. Han ønskte å skriva ein allegorisk roman om menneske sin dualisme mellom godt og vondt, ideal og drift, men enda opp med ein spennande thriller. Sjølve namnet «Hyde» er engelsk for å skjula seg. Stevenson hadde vore opptatt av skjebnen til skotten William Brodie, ein diakon som var from og ulasteleg om dagen, men tok på seg maske og herja som innbrotstjuv om natta. Dualismen til mennesket går igjen i fleire av romanane til Stevenson.
Året etter utgjevinga blei romanen omgjort til eit teaterstykke i London, og som Nils Nordberg nemner i forordet til den norske utgjevinga: «ved et uhyggelig sammentreff trådte en virkelig «Mr. Hyde» ut av mørket høsten 1888 – Jack the Ripper, som myrdet og lemlestet fem kvinner i East End i løpet av tre måneder...»
I Noreg
I Noreg kom boka ut for fyrste gong i 1927 på Gyldendal Norsk Forlag omsett av Helge Krog. Ei revidert omsetjing ved Nils Nordberg, som også skreiv forordet «Sjelens to ansikt», kom ut i 1972 på same forlag. Ei nyutgåve av romanen med tittelen «Doktor Jekyll og herr Hyde», omsett av Agnete Øye, kom ut på Kagge Forlag i 2003.
Illustrerte utgåver
1985: Dr. Jekyll og Mr.Hyde, omsett av Helge Krog og illustrert av Oskar Jørgensen. Den Norske Bokklubben, i serien Bokklubbens levende klassikere.
Filmar (utval)
Rouben Mamoulian: Dr. Jekyll and Mr. Hyde (1931). Fredric March som Dr. Jekyll og Mr. Hyde.
Victor Fleming: Dr. Jekyll og Mr. Hyde (1941). Spencer Tracy som Dr. Jekyll og Mr. Hyde.
Jean Renoir: Dr. Cordeliers testamente (1959) Jean-Louis Barrault som Dr. Cordelier og Opale.
Jerry Lewis: Professor Tullball (1963) Jerry Lewis som Professor Julius Kelp og Buddy Love
Charles Jarrott: Dr. Jekyll and Mr. Hyde (1968). Jack Palance som Dr. Jekyll og Mr. Hyde.
Stephen Frears: Mary Reilly (1996) Filmen er basert på Dr. Jekyll og Mr. Hyde. John Malkovich som Dr. Jekyll og Mr. Hyde.
Colin Budds: Dr. Jekyll & Mr. Hyde (1999). Adam Baldwin som Dr. Jekyll og Mr. Hyde.
Mark Redfield: Dr. Jekyll and Mr. Hyde (2002). Mark Redfield som Dr. Jekyll og Mr. Hyde.