«Early Morning Rain» (stundom «Early Mornin' Rain») er ein song skriven og innspelt av den kanadiske songar-låtskrivaren Gordon Lightfoot. Songen kom ut i 1966 på debutalbumet hans Lightfoot! og i ein nyinnspelt versjon i 1975 på samlealbumet Gord's Gold.
Lightfoot skreiv songen i 1964, men opphavet til songen var ei reise han gjorde til Westlake i Los Angeles i 1960. På denne tida hadde Lightfoot heimlengsel og brukte å dra ut til Los Angeles lufthamn på regndagar for å sjå på flya.[1] Biletet av flya som tok av og forsvann i skyene var framleis med han i 1964 då han passa på den fem månader gamle sonen sin og tenkte «Eg skal legge han i vogga si og skrive ein song». «Early Morning Rain» vart resultatet.
Kjende innspelingar
Den kanadiske ektefolkduoen Ian & Sylvia var blant dei første som gav ut denne songen i 1965. Det tok over eit år før Lightfoot spelte inn og gav ut sin versjon i 1966. Grateful Dead spelte òg inn songen i 1965. Funk supergruppa Cameo har ofte spelt songen på konsertane sine som ei hyllest til Lightfoot. We Five gav ut ein versjon av songen i 1970 på albumet Catch the Wind.[2]
Hitsinglar
På hitalbum
- 1965 – Ian & Sylvia, Early Morning Rain - 77. plass på Billboard 200[6]
- 1965 – Judy Collins, Fifth Album - 69. på Billboard 200[7]
- 1965 – Peter, Paul and Mary, See What Tomorrow Brings - 11. plass på Billboard 200[8]
- 1966 – Chad & Jeremy, [[]] - 61. plass på Billboard 200[9]
- 1966 – George Hamilton IV, Steel Rail Blues - 3. på Country Albums chart[10]
- 1967 – Roy Drusky, Now is a Lonely Time - 31. på USA Country.
- 1970 – Bob Dylan, Self Portrait - 4. plass på Billboard 200[11]
- 1971 – Jerry Reed, Ko-Ko Joe - 153. plass på Billboard 200, 7. plass på Country Albums[12]
- 1972 – Elvis Presley, Elvis Now - 43. plass på Billboard 200[13]
- 1973 – Jerry Lee Lewis, The Session - 37. plass på Billboard 200[14]
- 1975 – Gordon Lightfoot, Gord's Gold - 34. plass på Billboard 200[15]
- 1977 – Elvis Presley, Elvis in Concert - 5. plass på Billboard 200[13]
- 2004 – Wendy Matthews, Café Naturale - 42. plass på Australian Album Charts
Kjelder
Bakgrunnsstoff