Edward Graham McCreadie (fødd 15. april 1940) er ein skotsk tidlegare fotballspelar frå Glasgow. Han var venstreback-back 1972-73 i Chelsea FC og landslagsspelar 1965-69 for Skottland.
Karriere
Klubbspel
McCreadie spelte på det skotske andredivisjonslaget East Stirlingshire til han i 1962 vart overført til engelske Chelsea FC, ein klubb han rykte opp i 1. divisjon med. 15. mars 1965 vart han matchvinnar då Chelsea vann ligacupfinalen med 3 mot 2 over Leicester City. To år seinare spelte han sin fyrste finale i FA-cupen, ein kamp som enda med tap mot Tottenham Hotspur. I april 1970 deltok McCreadie i dei berykta finalane mot Leeds United i FA-cupen. Etter 2–2 på Wembley stadion, måtte det ekstraomgangar til i omkampen på Old Trafford før Chelsea-kapteinen kunne heve klubbens aller fyrste FA-pokal.
Landslagsspel
Frå debuten 10. april 1965 til 17. mai 1969 spelte McCreadie 23 av Skottlands landskampar. Han kom ikkje på skåringslista.
Merittar
- Vinnar av FA-cupen: 1970 for Chelsea FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1965 for Chelsea FC
Kjelder