Edmund Gunter (1581–10. desember 1626) var ein engelsk matematikar og astronom.
Han studerte i Oxford og var frå 1619 professor i astronomi ved Gresham College. Han studerte magnetfeltet til jorda og fann opp forskjellige astronomiske apparat. Den såkalla Gunter-linja eller skala er ein forløpar for reknestaven og logaritmane, og gjennom venskapen sin med Henry Briggs har Gunter truleg hatt innverknad på arbeida til Briggs over logaritmane. Gunter innførte òg først omgrepa cosinus og cotangens.
Britiske landmålarar nyttar framleis Gunter-kjeda, som er 22 yard delt i 100 delar = 20,12 m.
Kjelder
«Edmund Gunter» i Store norske leksikon, snl.no.