Eric Addo, (fødd 12. november 1978 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som har spela for Roda i nederlandsk Eredivisie, og for det ghanesiske landslaget.
Addo drog til Europa og Club Brugge i Belgia i 1996, som 18-åring. I 1997/98-sesongen, då Club Brugge vann serien i Belgia, vart han kåra til årets unge spelar i Belgia og årets spelar i Ghana. Han vann òg den belgiske ibenholt-skoen, ein pris for beste afrikanske spelar i den belgiske ligaen. Sommaren 1999 gjekk han til PSV i Nederland, men dei første tre åra der var han for det meste skada eller innbytar. Han vart lånt ut til Roda i to år, før han endeleg vart fast på laget då PSV vann serien i Nederland i 2006. PSV vann serien seks gonger i dei ti åra Addo var i klubben. I oktober 2007 vart Addo utestengd i fire kampar av UEFA etter å ha spytta på ein Fenerbahçe-spelar under ein Meisterliga-kamp. I juni 2009 gjekk han over til Roda på permanent basis, og skreiv under på ein toårskontrakt med klubben.
Addo fekk sjansen til å representera Belgia sitt landslag i 1998, men valde i staden å spela for fødelandet, Ghana. Etter å ha spelt i Afrikameisterskapen i 1998 for Ghana, var han ute av landslaget i seks år. I 2006 var han i troppen til fotball-VM, der han spelte alle Ghana sine fire kampar.
Kjelder