Denne artikkelen handlar om regionen Fosen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fosen (fleirtyding).
Fosen er ein region og eit tidlegare futedøme i Trøndelag som omfattar dei ytste kommunane på båe sidene av Trondheimsfjorden og heile Fosenhalvøya. Fosen utgjorde i høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av som eige futedøme under namnet Fosens fogderi.
Språk
Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unnatak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.
Nyare regionsinndeling
Fosenregionen
I dei seinare åra har dei av kommunane på Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar på Innherad og definerer seg som regionen Fosen.
Sør-Fosen-regionen
Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)
Orkdalsregionen
Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.[1]
Sjå òg
Referansar
| Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2021 |