Som bassist var han medlem av Rising Sons frå 1964 til 1966, i lag med Ry Cooder og Taj Mahal. På denne tida vart han ven med Don Vliet, betre kjdn som Captain Beefheart. Han spelte med Beefheart and the Magic Band ved fleire høve, men var aldri fast medlem i bandet. Marker var involvert i innspelinga kring Safe as Milk, men ingenting av det han spelte på kom med på den endelege utgåva.
To andre band han har vore involvert i er The Jazz Folk og The New World Jazz Company.