Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn tidleg i september 1965. Songen er kjend for trommeintroen av Charlie Watts og dei doble gitarane til Brian Jones og Keith Richards.[1] Teksten er utfordrande og opprørsk, som var vanleg for the Rolling Stones på denne tida, då dei starta å dyrke «bad boy»-imaget. The Stones har sag at songen kom som ein reaksjon på den bråe populariteten etter suksessen med «Satisfaction». Songen omhandlar motviljen deira mot forventningane folk hadde til dei.
«
I was sick and tired, fed up with this and decided to take a drive downtown; It was so very quiet og peaceful, there was nobody, not a soul around; I laid myself out, I was so tired and I started to dream; In the morning the parking tickets were just like a flag stuck on my windscreen
»
Richards sa i 1971 at han ikkje var særleg nøgd med måten dei gjorde songen på. Dei var i Los Angeles og trong ein oppfølgjar til «Satisfaction», noko som i følgje Richards var som å «hoppe etter Wirkola». Han meinte òg at det var ein av dei verste produksjonane til Andrew Loog Oldham.[2]
Songen toppa listene i både USA og Storbritannia i vekene etter han kom ut hausten 1965. I Noreg stoppa songen på andreplass på VG-lista, der han låg fire veker bak «Yesterday» av The Beatles. Totalt låg songen 13 veker på Topp 10.