Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Giorgi V av Georgia

George V av Georgia
Føregjengar David VIII
Etterfølgjar David IX
Konge av Georgia (1. periode)
Regjeringstid 1299–1302
Konge av Georgia (2. periode)
Regjeringstid 1314–1346
Fødd 1286/1289
Død 1346
Signatur

Giorgi eller Georg (georgisk გიორგი V ბრწყინვალე, Giorgi V Brtskinvale) var konge av Georgia frå 1299 til 1302, og frå 1314 til han døydde i 1346. Han fekk Georgia ut av det mongolske riket, som hadde styrt landet i fleire hundreår. Han klarte vidare å gjenoppretta makt og velstand i landet.

Bakgrunn

Kong Georg V var son av Demetrius II og hustrua hans Natela, dotter av Beka I Jakeli. Demetrius vart drepen av mongolane i 1289.

I 1299 vart han krona som motkonge i Ilkhanatet mot sin opprørske bror David VIII av Georgia. Georg si regjeringstid strakk seg mellombels ikkje utover murane til Tbilisi. I 1302 vart Georg erstatta av halvbror sin Vachtang II.[1] Etter at brørne hans døydde, vart han regent for David sin son Georg VI, som døydde mindreårig i 1313. Dernest vart Georg V krona til konge av Georgia for andre gang.

I 1327 byrja han å gjera opprør mot Ilkhanatet, som hadde utfordringar med å styra riket, han slutta å betala skattar og byrja ein kampanje for å sameina det georgiske riket. Då han døydde hadde han gjenerobra nesten heile riket att.

Lite er kjend om kona til kong George V. Han døydde i 1346 og vart etterfylgd av den einaste sonen sin David IX. Han vart gravlagd i klosteret Gelati nær Kutaisi.[2]

Kjelder

  1. «www.istoria.ge», web.archive.org, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 7. oktober 2022 
  2. «GEORGIA», fmg.ac, henta 7. oktober 2022 
Kembali kehalaman sebelumnya