«Girl's Got Rhythm» er ein song av det australske rockebandet AC/DC. Han kom ut i 1979 på albumet deira Highway to Hell og same året på singel.
I 1979 vart det òg gjeve ut ein EP i Storbritannia med songane A1. «Girl's Got Rhythm»; A2. «If You Want Blood (You've Got It)»; B1. «Hell Ain't a Bad Place to Be» (live; frå If You Want Blood); B2. «Rock and Roll Damnation» (live; frå If You Want Blood).[3]
Mottaking
Smash Hits sa, «Eg veit ikkje kva eg skal seia. Det er ein absurd mann som skrik om alle jentene han har sett over heile verda og eit riff som eg trur eg har høyrt før. Det var anten 1974 eller 1975.»[2]
Andre versjonar
Det vart gjeve ut eit konsertopptak på konsertalbumet Let There Be Rock: The Movie, som er ein del av plateboksen Bonfire. Ein video av banet som framfører songen finst på DVD-en Family Jewels.