I perioden 2013–2017 har Høgre 48 representantar på Stortinget. Trond Helleland og Nikolai Astrup er høvesvis parlamentarisk leiar og nestleiar. Høgre er det nest største partiet på Stortinget, etter Arbeiderpartiet. Etter stortingsvalet i 2013 danna partileiar Erna Solberg ei regjering saman med Framstegspartiet.
De Conservative Foreningers Centralstyre vart skipa den 25. august1884, etter innføringa av parlamentarismen i Noreg. Emil Stang vart vald til fyrste formann i partiet. I 1913 endra det namn til Høgre (Høire).
Oppsluttinga om Høgre har variert mykje. Størst del av røystene hadde Høgre i 1894 då 49,4 % røysta på Høgre. Høgre har aldri hatt reint fleirtal på Stortinget. Høgre gjekk attende i mellomkrigstida, mellom anna av di nye parti kom til. Frå 1945 til 1970 auka oppslutninga om partiet, og skaut fart etter valet i 1973. Valet i 1981, der Høgre fekk 31,7 % oppslutnad var det beste valet sidan 1924. Kåre Willoch stod i spissen for Høgrebølgja i norsk politikk. Ved valet i 1997 fekk Høgre 14,3 % av røystene, det dårlegaste valresultatet til då etter 1945. Partiet gjorde eit godt val i 2001, og kom i regjering saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingsvalet i 2005 vart eit nytt dårleg val for Høgre, som vart passert av Framstegspartiet og dermed vart berre tredje størst på Stortinget.
Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 18,8 % av røystene.
¹ Ved desse vala stilte Høgre felleslister med eit eller fleire av partia Kristeleg Folkeparti, Venstre eller Bondepartiet, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Tala i parentes er prosentvis oppslutnad ved Stortingsvalet 2021. Partia som ikkje har prosenttal deltok anten ikkje ved siste valet eller hadde mindre enn 0,1% oppslutnad.