Hans Hansson Flatland, ofte nemnd Gamle Hans Hellos (1812–1873), var ein norsk sjølveigarbonde og spelemann frå Bø i Telemark. Han var far til Hans Hansson Flatland den yngre og Halvor Flatland, også dei framifrå spelemenn.
Hans Hansson Flatland den eldre lærde mykje spel av Myllarguten. «Når Myllarguten kom til Bø, budde han jamt på Flatland, og mange av storslåttane hans vart verande att».
Kjelder