Havøysund (nordsamisk Ávanuorri) er ein tettstad som er kommunesenter i Måsøy kommune, nord i Finnmark. Fiskeværet ligg på Havøya på den nordlegaste breiddegraden i Finnmark, «71 gradar nord».
Tettstaden hadde 976 innbyggjarar i 2017.[1]
I 1944 vart all busetnad i Havøysund rasert av dei attendetrekkjande tyske troppane. Staden voks likevel til etter andre verdskrigen.[2]
Havøysund er eit fiskevær der den viktigaste næringsvegen er fiske, med to store fiskeindustribedriftar og det nordlegaste klippfisketørkeriet i Noreg.
Norsk Hydro har bygd ein vindmøllepark på Havøya som ligg nordvest for tettstaden. Parken har vorte eit landemerke for sjøfarande, og er den nordlegaste i verda med 16 einingar. Vindmøllene ligg på Gavlen, kor utkikkspunktet Arctic View gjer utsikt ut i Barentshavet, og til det arktiske øyriket omkring.
Transport
Havøysund har hatt brusamband med fastlandet over Havøysundbrua sidan 18. august 1986, då ho blei offisielt opna av kong Olav V. I 2012 vart riksveg 889, mellom Kokelv og Havøysund, ein nasjonal turistveg (fylkesveg 889). Næraste flyplass er Lakselv, med busssambinding til Havøysund via Olderfjord. Staden har sør- og nordgåande hurtigrutesamband om morgonen kvar dag, mellom Honningsvåg og Hammerfest.