Kohl vart fødd inn i ein katolsk familie i Ludwigshafen i det sørvestlege Tyskland, ikkje langt frå grensa til Frankrike, og deltok som tenåringssoldat på slutten av andre verdskrigen. Han vart medlem av CDU i 1947 og studerte deretter jus og historie i Frankfurt og Heidelberg. Han avslutta studia med å ta doktorgraden i historie. Frå 1969 til 1976 var han statsminister i delstaten Rheinland-Pfalz, og vart deretter medlem av det føderale parlamentet. Samtidig vart han leiar for den konservative opposisjonen mot den daverande SPD-regjeringa til Helmut Schmidt.
Den 1. oktober 1982 tok han over som kanslar etter Schmidt, etter eit såkalla konstruktivt mistillitsforslag i parlamentet. Han var den lengst regjerande kanslaren sidan Otto von Bismarck da han vart etterfølgt av Gerhard Schröder den 27. oktober 1998, etter at SPD vann dei føderale vala. I likskap med Bismarck deltok Kohl òg i samlinga av Tyskland, dette skjedde etter slutten på den kalde krigen da kommunismen og Sovjetunionen braut saman, og Tyskland igjen vart eitt.
Helmut Kohl var leiar for CDU frå 1973 til 1998.
Tidleg i regjeringstida si vart han skyteskive for dei intellektuelle på venstresida. Han hadde ikkje store talegåver og meistra ikkje framandspråk. Av venstreradikale vart han ofte referert til som «pæra» (ty.die Birne). Dette var meint å vise både til kroppsforma og intellektet hans. Mot slutten av styret hans skjedde dette likevel sjeldnare, og i dag blir den politiske kløkta og handlingane hans rosa av mange. Ein finansskandale, der det vart avslørt at det franske oljeselskapet Elf Aquitaine på ordre frå den franske presidenten Mitterrand hadde gjeve millionar i ulovleg partistøtte til CDU, har svekka ettermælet hans. Avsløringa følgde i kjølvatnet av etterforskinga av storstilt korrupsjon i Frankrike. Denne etterforskinga vart leidd av Eva Joly. Kohl og dei franske venene hans har forsvart seg med at det ikkje låg nokon personlege motiv bak, og at alt dei gjorde var for Europa og for å fremje forsoning.
Helmut Kohl var gift med Hannelore Kohl. Dei hadde to søner.
Prisar og utmerkingar
Kohl tok imot ei rekke utmerkingar.
I 1988 fekk han, saman med François Mitterrand, Karlsprisen for sine handlingar for fransk-tysk venskap og Europas framtid. I 1996 vart han utnemnd til æresdoktor ved det katolske universitetet i Leuven i Belgia.
11. desember 1998 vart Kohl utnemnd til æresborgar av Europa av de europeiske stats- og regjeringssjefane, som ros for arbeidet hans for europeisk samling. Denne utmerkinga var tidlegare berre tildelt Jean Monnet.
Han mottok i 2004 Adalbertprisen frå den polske presidenten. Ved sidan av Konrad Adenauer er han den einaste som har fått det såkalla storkorset i spesiell utføring i Tysklands fortjenstorden.
Helmut Kohl er òg æresborgar av Frankfurt am Main og Berlin og vart i september 2005 utnemnd til æresborgar av heimbyen Ludwigshafen. Luxembourgs statsminister Jean-Claude Juncker var utdelar. Kohl er æresdoktor ved talrike universitet i inn- og utland.
20. juni 2006 mottok Helmut Kohl den spanske Europaprisen i Yuste-klosteret ved Cáceres. Laudator Felipe González skildra Kohl som ein stor arkitekt for eit sameint Europa.
Kohls første ministerium 4. oktober 1982–29. mars 1983
21. januar1993 – Klaus Kinkel (FDP) tek over for Möllemann som visekanslar, men blir verande utanriksminister. Günter Rexrodt (FDP) tek over for Möllemann som økonomiminister. Jochen Borchert (CDU) tek over for Kiechle som fødevare-, landbruks- og skogminister. Matthias Wissmann (CDU) tek over for Riesenhuber som vitskaps- og teknologiminister. Carl-Dieter Spranger (CSU) blir minister for økonomisk samarbeid og utvikling, i staden for minister for økonomisk samarbeid.
13. mai1993 – Matthias Wissmann (CDU) tek over for Krause som transportminister. Paul Krüger (CDU) tek over for Wissmann som forskings- og teknologiminister.