Herre er ein tettstad i Bamble kommune i Telemark. Staden har 1 252 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved Herreelva, på vestsida av Frierfjorden.
Herre har lange tradisjonar som sagbruks- og industristad. Det fyrste sagbruket skal ha starta opp allereie kring år 1500. På Herre ligg Herre kyrkje frå 1905, og grunnskulen Herre skole. Industriområdet Rafnes ligg ved tettstaden.