Hot cross bun er ein søt kveitebolle laga med krydder som kanel, kardemomme, muskat, ingefær og allehande.
Han inneheld typisk rosiner eller korintar og ofte også tørka fruktbitar, som apsikat.
Krossen kan lagast av lys deig eller glasur. I eldre oppskrifter blir han ganske enkelt skoren ut i deigen.[1]
Historie
I England kan skikken med å eta krydra bakverk med ein kross på førast tilbake til 1300-talet. Det er dokumentert at ein munk ved St Albans Abbey i London, Thomas Rocliffe, fekk bakt «små, søte, krydra kaker merka med ein kross» som blei delte ut ved kyrkjedøra på langfredag i 1361.[2]
Bollane som blir selde ved St Albans i dag blir kalla Alban buns og er bakte etter ei hemmeleg oppskrift.[3]
I tudortida blei brød og bollar med krydder og frukt svært populære. Under Elisabet I blei det lagt ned forbod for bakarar mot å selja krydra bollar, brød, kaker eller kjeks bortsett frå til gravferder, jul eller langfredag. Eit liknande forbod under Jakob I viste seg å vera fånyttes. I den georgianske tida blei Chelsea Bun House ein populær utsalsstad for bollar, mellom anna vitja av dei kongelege. Chelsea Bun House selde mellom anna hot cross buns, særleg på langfredagen, då store folkemengder samala seg rundt huset og kjøpte bollar frå vindauga. Den siste gongen staden hadde langfredagsutsal, i 1839, blei det seld oppimot ein kvart million bollar.[4]
Den første kjende gongen omgrepet hot cross buns er brukt er i Poor Robin's Almanack frå 1733: Good Friday comes this month, the old woman runs, with one or two a penny hot cross buns.[5]
Ein annan variant av dette verset, opphavleg brukt av gateseljarar, er i dag eit kjent barnerim, «Hot Cross Buns». Bakverket blei også omtalt som cross bun, utan hot, men sidan bollane gjerne blei selde varme blei dette ein fast del av namnet i løpet av 1800-talet.
Hot cross buns er blitt populære i store delar av den engelsktalande verda, og blir ikkje berre etne rundt påske. Nokre stader blir dei etne året rundt.[6] I Australia og New Zealand kan dei vera i sal frå jul[7] eller første nyttårsdag av.[8]
Tru og tyding
Bollen blir tillagt ulike former for symbolikk. Krossen på toppen blir ikkje uventa likna med den kristne krossen.
Kryddera kan liknast med dei som blei brukt til å svøpa Jesus då han blei gravlagd. Den søte frukta kan symbolisera slutten på fastetida, der ein tradisjonelt har ete enkel mat.[9][10]
I engelsk folketru er det knytt mange tradisjonar til hot cross buns. Mellom anna skal ein slik bolle som er baka på langfredag ikkje bli dårleg i heile det følgjande året. Ein slike bolle skulle også kunna hjelpa sjuke.[11] Ein langfredagsbolle hengd opp i eit kjøkken skulle verna mot brann og gjera slik at alle brød heva. Teken med på eit skip skulle han hindra forlis.[11]
↑Turner, Ina; Taylor, Ina (1999). Christianity. Nelson Thornes. s. 50. ISBN9780748740871. «To mark the end of the Lent fast Christians eat hot cross buns. These have a special meaning. The cross in the middle shows how Jesus died. Spices inside remind Christians of the spices put on the body of Jesus. Sweet fruits in the bun show that Christians no longer have to eat plain foods.»
↑Fakes, Dennis R. (1994). Exploring Our Lutheran Liturgy. CSS Publishing. s. 33. ISBN9781556735967. «Since people often gave up meat during Lent, bread became one of the staples of Lent. Bakers even began making dough pretzels--a knotted length of dough that represented a Chrsitian praying, with arms crossed and hands placed on opposite shoulders. Hot cross buns are popular during Lent. The cross of course reminds the eater of Christ's cross.»
↑ 11,011,1«Hot Cross Buns». Practically Edible: The Web's Biggest Food Encyclopedia. Practically Edible. Arkivert frå originalen 3. april 2009. Henta 9. mars 2009.