Hundorp er ein tettstad i Sør-Fron kommune i Innlandet fylke. Staden er kommunesenter i Sør-Fron og har 597 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Hundorp ligg i Gudbrandsdalen der han er breiast, og var eit viktig senter for religion og politikk både i jernalder og norrøn tid. Dale-Gudbrand, som blir skildra av Snorre som ein mektig herse, heldt til her. I dag blir han minna gjennom Dale-Gudbrands gard.
Dale-Gudbrands gard på Hundorp blei peika ut som tusenårsstad for Oppland fylke.
Bakgrunnsstoff