Det finst fleire arkeologiske stader i wilayat Ibri som fort, borger og tårn. Her ligg òg ruinane av byen Bat, som er den andre arkeologiske staden som hamna på verdsarvlista til UNESCO, etter Bahla Fort i A’Dakhliya. Ibri ligg to timar frå Al Ain og 215 km frå hovudstaden Muscat.
Klima
Vêret i Ibri er vanleg heitt og tørt, med sommartemperaturar frå 35 til 50 ºC. Frå desember til februar er vêret relativt kjøligare, med temperaturar frå 15 til 20 ºC.
Økonomi
Tidlegare var Ibri kjend for marknaden sin og fruktdyrking.[1]