Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

If I Could Only Remember My Name

If I Could Only Remember My Name
Studioalbum av David Crosby
Språk engelsk
Utgjeve 22. februar 1971
Innspelt 1970–1971
Studio Wally Heiders
San Francisco, A&M Studios,
Hollywood[1]
Sjanger Rock
Lengd 37:04
Selskap Atlantic
Produsent David Crosby
David Crosby-kronologi 
If I Could Only Remember My Name «Oh Yes I Can»
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]
Rolling Stone4/5 stars
The Village VoiceD–[3]

If I Could Only Remember My Name er det første soloalbumet til David Crosby, gjeve ut i februar 1971 på Atlantic Records. Det var eit av fire høgprofilerte album som vart gjeve ut av kvar av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young etter albumet deira, Déjà Vu album (i lag med Stephen Stills, Songs for Beginners og After the Gold Rush). Det nådde 12. plassen på Billboard 200 og selde til gullplate for 500 000 selde eksemplar i USA.

Albumet fekk vørdnad i 2010 då det vart oppført på andreplassen på lista til Vatikanstaten over dei ti beste popalbuma gjennom tidene, publisert i den offentlege avisa til Vatikanet, L'Osservatore Romano.[4]

Innhald

Mange kjende musikarar er med på albumet, inkludert Graham Nash, Neil Young, Joni Mitchell, medlemmar av Grateful Dead (mellom andre Jerry Garcia, som var med å arrangere og produsere albumet), Jefferson Airplane og Santana. Ensemblet fekk det uformelle kallenamnet The Planet Earth Rock and Roll Orchestra av bandleiaren i Jefferson Airplane Paul Kantner. Kjernen i denne gruppa (inkludert lydteknikaren Stephen Barncard) arbeidde òg på Kantner sitt Blows Against the Empire (1970) og Grateful Dead sitt American Beauty (1970), begge spelte inn samstundes med Crosby sitt album i Wally Heider Studios i San Francisco.

Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, mellom andre den mindre hitten «Music Is Love», som var eit samarbeid med Nash og Young som kom ut i april 1971. Singelen nådde 95. plassen på Billboard Hot 100.[5][6]

If I Could Only Remember My Name kom ut på CD første gongen den 25. oktober 1990, og vart digitalt nymastra frå dei originale masterlydbanda. Den 6. november 2006 kom det ut ei dobbelutgåva med ein lyddisk remastra i HDCD, og eit bonnusspor («Kids and Dogs», som ikkje var gjeven ut før, men som var meint for eit uutgjeve Crosby-album for Capitol Records tidleg i 1980-åra) og ein DVD Audio-disk med heile albumet remiksa for 5.1 digital kringlyd.

Innhald

Side ein

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Music Is Love»David Crosby, Graham Nash, Neil Young3:16
2.«Cowboy Movie»David Crosby8:02
3.«Tamalpais High (at about 3)»David Crosby3:29
4.«Laughing»David Crosby5:20

Side to

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«What are Their Names»Crosby, Garcia, Lesh, Shrieve, Young4:09
2.«Traction in the Rain»David Crosby3:40
3.«Song with No Words (Tree with No Leaves)»David Crosby5:53
4.«Orleans»Tradisjonell1:56
5.«I'd Swear There Was Somebody Here»David Crosby1:19

Bonusspor på 2006-utåva

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Kids and Dogs»David Crosby7:01

Medverkande

Musikarar

  • David Crosbyvokal, gitar
  • Graham Nash – gitar, vokal (på «Music Is Love»); vokal (på «Tamalpais High», «Laughing», «What Are Their Names», «Traction in the Rain» og «Song with No Words»)
  • Jerry Garciaelektrisk gitar (på «Cowboy Movie», «Tamalpais High», «What Are Their Names» og «Song with No Words»); pedalsteelgitar (på «Laughing»); gitar (på «Kids and Dogs»); vokal (på «What Are Their Names»)
  • Neil Young – gitar, vokal (på «Music Is Love» og «What Are Their Names»); bass, vibrafon, congatrommer (på «Music Is Love»)
  • Jorma Kaukonen – elektrisk gitar (på «Tamalpais High» og «Song with No Words»)
  • Laura Allan – autoharpe, vokal (på «Traction in the Rain»)
  • Gregg Rolie – piano (på «Song with No Words»)
  • Phil Lesh – bass (på «Cowboy Movie», «Tamalpais High», «Laughing» og «What Are Their Names»); vokal (på «What Are Their Names»)
  • Jack Casady – bass (på «Song with No Words»)
  • Bill Kreutzmanntrommer (på «Tamalpais High» og «Laughing»); tamburin (på «Cowboy Movie»)
  • Michael Shrieve – trommer (på «What Are Their Names» og «Song with No Words»)
  • Mickey Hart – trommer (på «Cowboy Movie»)
  • Joni Mitchell – vokal (på «Laughing» og «What Are Their Names»)
  • David Freiberg, Paul Kantner, Grace Slick – korvokal (på «What Are Their Names»)

Produksjon

Kjelder

  1. http://www.4waysite.com/publications.../articles-1990s-if-i-could-only-remember-my-name[daud lenkje]... |
  2. Swihart, Stanton. «If I Could Only Remember My Name». AllMusic. Henta 14. januar 2019. 
  3. Christgau, Robert (10. juni 1971). «Consumer Guide (18)». The Village Voice (New York). Henta 14. januar 2019. 
  4. Quinlan, Carrie (15. februar 2010). «Revealed: The Vatican's Favourite Bands», The Guardian
  5. If I Could Only Remember My NameAllmusic. Henta 14. januar 2019.
  6. If I Could Only Remember My Name at the Grateful Dead Family Discography
Kembali kehalaman sebelumnya