In My Own Time er det andre og siste studioalbumet til Karen Dalton, gjeve ut på Paramount Records i 1971. Albumet vart produsert av Harvey Brooks og var det siste albumet ho gav ut før ho døydde i 1993. Albumet kom ut på ny på Light in the Attic i 2006.
Mottaking
Thom Jurek hylla albumet i meldinga si for AllMusic og skreiv «ei meir polert utgjeving enn den koselege, men noko rå debuten... Om ein berre skal ha eitt Karen Dalton-album så er det dette. Det skapar ei lydverd som er ulikt alt anna. Det pressar songaren utafor komfortsonen hennar og fører derfor lyttaren til staden Dalton faktisk okkuperte om songar. Utan unnskyldning eller uro for teknikk, kunne ho gjere kvar ein song til sin, og skape ei personleg forteljing som nådde lenger enn sjølve songen, gjennom personen hennar og bli ei sanning for lyttaren.»[1] Steven M. Deusner skreiv for Pitchfork Media at albumet «avslører ei krevjande, intuitiv, eksentrisk songar og arrangør som aldri song sine eigne tekstar, men som tydeleg og sjølvsikkert uttrykte seg sjølv med andre sine tekstar.»[2]
Innhald
|
6. | «In a Station» | Richard Manuel | 3:52 |
7. | «Take Me» | George Jones, Leon Payne | 4:40 |
8. | «Same Old Man» | Trad. arr. Steve Weber | 2:45 |
9. | «One Night of Love» | Joe Tate | 3:19 |
10. | «Are You Leaving for the Country» | Richard Tucker | 3:14 |
Medverkande
Kjelder